Dit vil eg fara!

200 års jubiléet for utvandringa fra Telemark
Grenland Friteater
lør. 1 nov.
lør. 1. nov.

Hjertelig velkommen til Dit vil eg fara! – festforestillingen vår til utvandrerjubileet! Med denne store produksjonen vil vi samle mange gode krefter fra hele Kulturfylket Telemark - med Nissedalskoret, Knut Buen og skuespillere og musikere fra hele fylket fra Vest til Øst og fra Nord til Sør!  

Dit vil eg fara! er basert på ein nyskriven tekst av Leif Arild Sanden og Tor Arne Ursin med sangar av Kjell Åsen og Sigvald Tveit. På scena møter ein eit lag med artistar frå heile Telemark med skodespelarar som Leif Arild Sanden, Anne-Sophie Erichsen og Hæge Manheim i spissen, med Nissedalskoret og eit orkester under leiing av Vidar Ytre-Arne og Knut Buen som til slutt toppar laget. 
 
Dit vil eg fara! blir ei forestilling full av sang, musikk og både komiske og såre opptrinn fulle av fart og spenning. Det handlar om store draumar og smålege omsyn, lange reiser og korte lunter, billege triks og store kunstar i ei mangfaldig verd. 
 
Handlinga i den første delen er lagt til ein landhandel i ei bygd i Telemark midt på 1800-talet. Her møter me den notorisk upålitelege kramkaren Gunstein, som kona Amalie har eit svare strev med å halde styr på.  
 
Det er ei tid med oppbrot i bygda. Det er ikkje nok jord til ei veksande busetting. Frikyrkjefolket kjenner bispen og prosten sitt styre som eit åk. Det gjeng gjetord om Amerika - det nye landet langt i vest. Til butikken kjem alle med sine ærend. Det er ho som vil sende brev til sonen i Amerika, ho som ventar på kjærasten derifrå og endeleg han som er komen heim. Men kvifor? Og kva veit han om det som hender «over there»? Skal alle reise? Kva ventar dei der? 
 
I andre delen er Gunstein og Amalie komne til Minnesota og hev fått seg ein butikk der. Det har gått bra for mange utvandrarar, men alt er allikevel ikkje berre lukke og velstand her heller! Det er fullt av krangling og konfliktar i det nye landet òg! Saknet etter gamlelandet og skyldfolket er stort. Korleis skal dei greie å halde på den gamle kulturen? Eller skal dei no det? Men me kan røpe at det endar godt til slutt, på ein storslegjen fest med slåttepel og dans! 

 

På scena: 
Leif Arild Sanden 
Anne-Sophie Erichsen 
Hæge Manheim 
Lucy Bergan Odberg 
Sander Jordbakke 
Mathias Hansen 
Bjørn Dagfinn Tveit 
Øyvind Tveit 
Miguel Utreras 
Amina Bile 
Max Knutsen 
Og Knut Buen 
 
Nissedalskoret under leiing av Marit Lien Homme  
Orkesteret under leiing av Vidar Ytre-Arne: 
Olav Svalastog, Nils Henrik Mostraum og Vidar Ytre-Arne 
 
Songar av Kjell Åsen og Sigvald Tveit  
Manus og regi ved Leif Arild sanden og Tor Arne Ursin

Sett meg på venteliste

Ønskeliste

Lagt til:

Til ønskeliste

Abonner på nyhetsbrevet