Hått sa´ru?
"Hått sa’ru? Ein måsåbjønn rende inn dynna?" Nei, det er ikkje alltid lett å skjønne kva alle i dette langstrakte landet seier - men det norske språket er rikt, vakkert og morsomt i alle sine former.
På klingande bøheringsmål serverer "Hått sa’ru" ei musikalsk forestilling for barn og unge der språk og dialekter står i sentrum, og der musikken spenner frå godnatt-songar til bakgårdsblues og rock’n’roll. Publikummet er delaktige gjennom song, leik og dans, og kanskje får ein lære kva ein måsåbjønn eller ein berull eigentleg er for noko?
Kan hende du også har nokre flotte dialektord som kan brukast i ein song? Gruppa spelar bare originalskriven musikk og har gjennom Den kulturelle skulesekken formidla kjærleik til dialekter og musikk på skular i heile Vestfold og Telemark dei siste åra. I 2023 kjem gruppa med sitt fyrste album og publikummet på Ælvespeilet vil få ei slags førpremiere på fleire låtar denne dagen.
Hått sa’ru er:
Stian Dalen – gitar, vokal
Anders Hefre – piano, vokal
Jostein Rørmark – trommer, vokal