Kjenslevev

Knut Buen, Sigmund Groven, Anne Gravir Klykken, Kjetil Bjerkestrand
to. 16 mars 19:00 - 21:00
Kulturhuset Ælvespeilet
Scene II
to. 16 mars
19:00 - 21:00
Billetter

Programinnhaldet i konserten «Kjenslevev» med  Knut Buen, Sigmund Groven, Anne Gravir Klykken og Kjetil Bjerkestrand, er i stor grad songar frå cd-prosjektet med same namn.

Det er songar om liv og lagnader i samtid og soge, med tekstar av Knut Buen og melodiar av Sigmund Groven og tekstforfatteren, arrangert av Kjetil Bjerkestrand, Sigmund og Knut. Songsolist er Anne Gravir Klykken, men konserten vil også innehalde ymse instrumentale framføringar, forteljing og dikt som høver i samanhengen.

Sigmund og Knut har, på mange måtar, same bakgrunn i oppvekst i Telemark og musikalske famelierelasjonar der sansen for historie, tradsisjonar, tankeliv, religion, livslagnader og naturelsk er inspirasjonskjelder for yrkesliv med nyskaping og formidling. Medverkande songar og musikar på tangentar er nære vener med evne til innleving  og stemningskapande tonefylgje.

I høve konserten vil det også vera sal av cd-en «Kjenslevev» der også Aasmund Nordstoga deltek.