Telefonbetjent resepsjon: Tir-Tor: 11.30-15.30
Tlf. 35 54 70 05 | resepsjon@elvespeilet.no
Åpen Kafé: Tir: 11-19 | Ons-Lør: 11-22 | Søn: 12-19

“SYMRE (20) frå Morgedal kjem tilbake til Sommerspeilet for tredje år på rad. Sidan i fjor har ho gjett ut debutalbumet “YMSE” og studert gitar på jazzlinja i Bergen.

Med nasjonale førebilete som Bernhoft, Black Debbath, Ylvis, AURORA og Odd Nordstoga er musikken ein folkeleg mix av sjangrer med fokus på tekst. Alle tekstane er på norsk, og vinglar mellom humor og alvor. Musikken blir vanlegvis komponert og framført med hjelp av kassegitar og loop-pedal.

Med seg har ho Jon Espelid frå Treungen på trommer, Torjus Gravir Klykken frå Skien på bass og Heidi Kvelvane frå Sandnes på Saksofon. Alle i gang med kvar sin bachelor i utøvande jazz.

Det blir eit variert repertoar av eigen musikk samt pop, jazz og folkemusikk i ny drakt.

Me gler oss!

Sommerspeilet – Symre kvartett

Tor 21. jul
kl. 19:00